Viser til innlegg av Terje Sørby i Sørby Trafikkskole i Smaalenenes Avis 10. november, der han påstår at vårt vedtak om Rudskogen motorsenter har ei politisk grunngjeving. Eg ynskjer å gi ein oppklarande kommentar.

Det nye løyve til Rudskogen motorsenter er utarbeida av erfarne medarbeidarar i klima- og miljøvernavdelinga vår. Vedtaket er kvalitetssikra og godkjent av jurist og avdelingsdirektør Gunhild Dalaker Tuseth.

Det er forureiningslova sine føresegner og særleg forholdet til støy og luftforureining som ligg til grunn for vedtaket. Vedtaket ligg tilgjengeleg på nettsida vår, og dei som vil, kan lesa der kva vi meiner. Vedtaket er klaga inn til Miljødirektoratet, slik det er høve til.

Eg ynskjer difor ikkje å gå inn i ein diskusjon om innhaldet i vedtaket. Eg vil berre presisera at mi rolle som statsforvaltar er å leia eit stort embete med mange godt kvalifiserte medarbeidarar på mange ulike fagområde, mellom anna helse, utdanning og barnevern. Og altså klima og miljøvern.

Vår oppgåve er mellom anna å bidra til at statleg politikk blir satt ut i live og å sjå til at lover og regelverk blitt fylgt. Vi fører tilsyn og er klageinstans på en rekke områder. Og på klima- og miljøområdet er vi altså forureiningsmyndigheit.

Eg slutta som politikar i 2005. Den siste posisjonen eg hadde før eg gjekk ut av politikken, var kulturminister. I den posisjonen var eg aldri motstandar av motorsportanlegg.

Sidan 2011 har eg vore fylkesmann/statsforvaltar og eg legg sjølvsagt stor vekt på at rolla mi no er ei anna. Saman med medarbeidarane mine jobbar eg for den til ein kvar tid sittande regjering og fylgjer opp at gjeldande lover og reglar blir fylgt, til beste for innbyggjarane i Oslo og Viken.

Dette leserbrevet er et tilsvar til dette leserbrevet:

Statforvalterens streben etter å begrense bruksmuligheten for Rudskogen er sannsynlig forankret i et politisk ståsted