«Eg ynskjer at tog frå Austre linje skal kunne køyre på Follobanen»

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp)

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) Foto:

Av
DEL

LeserbrevDe siste dagane har det vore ei debatt i Smaalenenes Avis om tog frå Austre linje kan køyre Follobanen eller ikkje når den står klar. Mellom anna skriv Ole Andre Myhrvold (Sp) at mitt svar til Stortinget har gitt stor grunn til bekymring.

LES MER: Tog fra Østre linje gjennom Follo-tunnelen fra dag én 

Det er ingen grunn til slik uro. Eg ynskjer at tog frå Austre linje skal kunne køyre på Follobanen. Infrastrukturen vert lagd til rette for det, og dei signala vi får frå vår fagetat Jernbanedirektoratet er at dette skal vere mogleg. Vi investerer ikkje fleire milliardar kroner for å ekskludere nokon frå å bruke den nye tunnelen. Togtilbodet skal bli betre for alle, også for dei som kjem frå Austre linje.

LES MER: Unaas: – Trygg på at Østre linje får kjøre via nye Follobanen

Den endelege formelle avgjerda skjer i samband med prosessen med å fordele kapasiteten omkring tidsplanen til jernbanen. I den endelege avklaringa om dette lar seg gjere i praksis skjer i samband med den etablerte årlege ruteplanprosessen, der Bane NOR fordeler kapasiteten etter at alle søknadene om ruteleier har komne inn. Vi må hugsa på at det i tillegg til toga frå Austre linje og er mange andre persontog og godstog som skal passere Ski stasjon, men i denne prosessen vil det altså bli tatt utgangspunkt i at Austre linje skal køyre Follobanen. 

LES MER: Myhrvold: – Svært usikkert om togene fra Østre linje får kjøre nye Follobanen

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags